- Supplynæringa er ikkje friskmeldt, men det er fleire lyspunkt, og vi meiner sjølve at vi har god kontroll på den økonomiske situasjonen, seier administrerande direktør i Island Offshore, Håvard Ulstein, til næringslivsportalen Nett.no, som først skreiv om denne saka.

Island Offshore jobbar framleis med å få i hamn ein refinansieringsavtale. Reiarlaget har to obligasjonslån på i alt 720 millionar kroner som tyngjer, og løysinga på krisa kan no sjå ut til å vere innan rekkevidde.

Nett.no melder at ein av aktørane som vil skyte inn meir kapital i reiarlaget er Edison Chouest. Det amerikanske reiarlaget eig frå før rundt halvparten av aksjane i Island Offshore. Det vil ifølgje direktøren ikkje føre til store endringar på eigarsida i selskapet.

- Det vert samla ikkje store endringar i eigarstruktur, seier Ulstein til Nett.no.