Hareid Elektriske AS, morselskapet i Hareid Group på Hareid, har inngått avtale med HM Invest AS om overtaking av 51 prosent av aksjane i HM Elektro AS i Langevåg. Det kjem fram i ei pressemelding, onsdag.

HM Elektro AS har 19 tilsette og hadde ein omsetnad på om lag 48 millionar i 2012. I tillegg er tilsette i HM Elektro AS gitt moglegheit til å kjøpe inntil 15 prosent av resterande aksjar frå HM Invest AS.

HM Elektro vil bli en viktig tilvekst til Hareid Group si vidare satsing innan bustad, bygg og industri. Frå før består segmentet i Hareid Group av selskapa HG Elektro AS, Hareid, Harwest Elektro AS, Aukra/Molde og Traffic Solutions AS, Hareid. Hareid Group får gjennom denne avtalen styrka kompetanse, kapasitet og moglegheit for god utvikling både for eksisterande selskap i Hareid Group og for HM Elektro.

– Vi har stor tru på kompetansen i HM Elektro og gler oss over å ha fått nye dyktige kollegaer på plass. Saman har vi som mål å bli ein enda betre totalleverandør for kundane våre, og skape rom for nye, seier konsernsjef Ronald Dyrhol i Hareid Group.

– Vi gleder oss og ser fram til å vere med på den vidare utviklinga innafor dei rammene og muleg-hektene som ligg i det å vere del av eit større selskap, som på same måte som HM Elektro fokuserer på å bygge opp kvalitet og kompetanse i alle ledd. Det er dette som vidare skal gi resultat til det beste for kundar, tilsette og selskapet, seier dagleg leiar Ole Bjørn Humlen i HM Elektro.

Endeleg gjennomføring av avtalen ventast medio juni.

Hareid Group og HM Elektro Frå venstre Ole Bjørn Humlen, midten Ronald Dyrhol