I sin siste månadsrapport offentleggjorde Det internasjonale energibyrået (IEA) at ein kan sjå endringar i oljemarknaden neste år. Auka etterspurnad etter olje og avtalen mellom Opec-landa, samt ein avtale mellom nemnde Opec og andre OECD-land (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling), gjer at IEA trur det vil bli eit tilbodsunderskot av olje i første halvdel av 2017. Det skriv Dagens Næringsliv.

Neste år meiner IEA at veksten i den daglege etterspurnaden etter olje vil vere på 1,4 millionar fat, 120.000 fat meir enn tidlegare anslått. Tilbodet av olje nådde nye høgder i november i år, med ein produksjon på 98,2 millionar fat om dagen. Men likevel vil det altså bli auka oljeetterspurnad i starten av 2017.