Då TV-aksjonen gjekk av lufta før Kveldsnytt søndag kveld, var beløpet oppe i 273.747.956 kroner. Det er framleis mogleg å gi fram til 1. desember, så det endelege talet kan bli høgare.

– Eg er enormt imponert og rørt over innsatsen og engasjementet for TV-aksjonen i år. Bøsseberarar, frivillige og givarar over heile landet har bidrege til at Redd Barna no kan hjelpe endå fleire barn som er ramma av krig og konflikt, seier generalsekretær Birgitte Lange i Redd Barna.

I løpet av to timar søndag samla bøsseberarane inn 88 millionar kroner gjennom å banke på dører over heile landet. 36 millionar av desse var kontantar, resten kom inn via Vipps.

– Bøsseberaren er hjartet i TV-aksjonen. Dei speler ei utruleg viktig rolle både for kunnskapsdeling og innsamling. Møtet i døra er uvurderleg. Det er dette møtet som minner folk om TV-aksjonen i år og gjer at dei gir ei gåve, seier Nina Elisabeth Larsen, leiar for TV-aksjonen.

Den førre rekorden er eitt år gammal, då Leger Uten Grenser og DNDi fekk inn 266,2 millionar kroner.

I 2014 fekk Kirkens Nødhjelp inn 253 millionar kroner – 317 millionar 2022-kroner. Justert for prisvekst vart rekorden for TV-aksjonen sat i 1980, då det vart samla inn 84 millionar kroner, noko som svarer til 360 millionar 2022-kroner.

TV-aksjonen i år går til Redd Barnas arbeid for barn som blir ramma av krig og konflikt. Pengane som blir samla inn, blir fordelte mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Noreg.

(©NPK)