I 2011 tapte Havila Shipping 91,1 millionar kroner, mot 13 millionar kroner i pluss i 2010.

Inntektene i 2011 kom på 1372,3 millionar kroner, der 54 millionar var frå sal av fartøy. Året før var inntektene på vel 1,2 milliardar.

Selskapet gjekk 8,8 millionar kroner i minus i fjerde kvartal i 2011, mot 105,2 millionar kroner i minus på same tid i 2010.

Inntektene i fjerde kvartal i 2011 var på 380,4 millionar kroner, mot 255 millionar året før.

Reiarlaget hadde per 31.12.2011 28 fartøy i drift. Fira av fartøya vert operert av det 50 prosent eigde selskapet Posh Havila Pte Ltd i Singapore. Det inkluderer også fartøyet Seven Havila som er eigd av det 50 prosent eigde selskapet Acergy Havila Limited som leiger ut fartøyet på bareboat-kontrakt til Subsea 7. Tre fartøy er forsatt innleigd på bareboat.

Av eigne fartøy var to ankerhandteringsfartøy og tre forsyningsskip i spotmarknaden det meste av fjerde kvartal. Utnyttingsgraden var 92 prosent.

Dette opplyser selskapet i ei børsmelding.