Fredag kunngjorde Vard-konsernet at dei har inngått ein avtale med Island Offshore om bygginga av eit offshore supply vessel.

Skroget til fartøyet blir levert frå Romania, før Vard Breivik skal ferdigstille OSV’en til første kvartal i 2016.

Ifølgje pressemeldinga frå Vard har kontrakten med Island Offshore ein verdi på om lag 300 millionar kroner.