Eldar Sætre, som tek over som fungerande konsernsjef etter Helge Lund i Statoil, skildrar seg sjølv som ein typisk sunnmøring.

– Det betyr at eg er oppteken av ein del ting: Eg er oppteken av nøysemd, å ta vare på ressursar og å skape verdiar. Sunnmøringar er jo det. Det er noko folk i Statoil kjenner meg som, og som eg trur dei vil kjenne att, seier Sætre til NTB.

– Eg er 58 år, og i 34 av dei har eg jobba her. Eg har vore langs heile verdikjeda, seier konsernsjefen, som seier han vil sitje så lenge styret treng for å finne ein ny leiar.

Eldar Sætre seier han ikkje var førebudd på spørsmålet om å ta over som Statoil-sjef, men at han ikkje var i tvil om å seie ja.

Sætre er konstituert som konsernsjef etter at Helge Lund onsdag kunngjorde at han sluttar umiddelbart for å begynne som toppsjef i britiske BG Group.

– Vi kjem til å sakne deg veldig mykje. Du har alltid sett Statoil framfor din eigen person. Gjennom den innsatsen du har gjort, er Statoil i stand til å klare seg utan deg, sa Sætre under ein pressekonferanse onsdag føremiddag.

Han meiner han tek over eit selskap som er godt rusta operasjonelt, finansielt og når det gjeld kompetanse.

Eldar Sætre seier han ikkje var førebudd på å bli spurt om å gå inn i rolla som konstituert konsernsjef.

– Men då førespurnaden kom, var det noko inni meg som sa ja. Eg har gitt beskjed om at eg ikkje er kandidat til denne jobben på permanent basis, seier han. 58-åringen grunngjev dette med alderen.

– Jobben min nå er å sørgje for at den neste konsernsjefen får eit så godt utgangspunktet som mogleg, seier han.

Sætre har lang tid bak seg i Statoil, sist som konserndirektør.

– Etter 34 år i selskapet er det ein ting eg vil trekkje fram: det er selskapets evne til å tilpasse seg situasjonen, seier den konstituerte konsernsjefen