– Som fylkesordførar i ei eit av dei største ferjefylka er eg veldig glad for denne avgjerda. Det vil hindre monopolisering og oppretthalde ein viss konkurranse i ferjemarknaden, seier Jon Aasen i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har i ein uttale til Konkurransetilsynet støtta Vegdirektoratet sitt syn, og bedt om at salet av Sogn og Fjordane fylkeskommune sine Fjord1-aksjar til Torghatten, ikkje vert godkjent.

Det er i dag berre fire aktive reiarlag i dei fleste konkurransar, og med bakgrunn i dette har fylkeskommunen gitt uttrykk for skepsis til at Fjord1 og Torghatten, dei to største reiarlaga, skal slå seg saman, og svekke konkurransekrafta i ferjemarknaden.

– Ferjene utgjer ein sentral og viktig del av transportinfrastrukturen i Møre og Romsdal, og vi har erfart at kostnader knytt til kjøp av ferjetenester har auka enormt dei seinare åra. At fylkestinget i eit ferjefylke som Sogn og Fjordane vedtok at Torghatten skulle få kjøpe Fjord1-aksjane, og dermed risikere å svekke konkurransen i marknaden, var derfor svært overraskande og etter mitt syn lite heldig. Eg ser derfor på avgjersla til Konkurransetilsynet som ein siger for ferjefylka, avsluttar Aasen.

Les også: Konkurransetilsynet stoppar Fjord1-salet