For Ørsta Volda lufthamn Hovden starta året godt med til saman 10,422 passasjerar på inn- og utflyging i januar. Det er 2742 passasjerar meir enn same månad 2012.

I februar gjekk passasjertalet ned til 9,489 passasjerar, medan talet for mars og april auka.

10,220 passasjerar var innom lufthamna i mars månad. Det er ei auke på 21,9 prosent frå same månad 2012, då 8,383 passasjerar var innom.

Statistikken er stigande, då det i april var 10,839 passasjerar på inn- og utflyging. Det er ei auke på 25,3 prosent frå same månad i 2012, då 8,652 passasjerar var innom.

Statistikken er levert av Steinar Vatne frå Lufttrafikktenesta.

Streik

Som kjent har kabintilsette i Widerøe satt selskapet sine flygemaskiner på bakken. Det er naturleg å tru at streiken vil ha innverknad på mai månad når statistikken for månaden kjem.

Ørsta/Volda lufthamn Hovden er flyplass for Widerøetrafikken.