På sine nettsider skriv Island Offshore at Island Constructor har fått tildelt ei kontrakt med BP Exploration Company Ltd for å drive lett brønnintervensjon på den britiske kontinentalsokkelen i juli.

Det skal også vere moglegheiter for meir arbeid for Island Constructor i august.

Tidlegare denne veka vart det klart at Island Valiant og Island Constructor har sikra seg jobb på Draugenfeltet for A/S Norske Shell utover våren og sommaren.