Som eit ledd i arbeidet med å betre og auke kommunikasjonen med abonnentane, søkjer SSR fleire medlemmar i dialoggruppa. Dialoggruppa vart oppretta i 2014 og har per i dag tre medlemmar, ei kvinne frå Ulstein, ein mann frå Herøy og ein mann frå Hareid.

- Formålet med dialoggruppa er jamleg kontakt med representantar frå abonnentane for å diskutere aktuelle saker, endringar og korleis tenestene kan bli betre innanfor dei gitte rammene. Det vert halde møter to-tre gongar i året med ein aktuell agenda, seier kommunikasjonsansvarleg Linn Urke Osnes.

- Vi ser at abonnentane er engasjerte i selskapet og korleis  tenestene er organiserte. Vi følgjer sjølvsagt med i avisene på aktuelle saker om selskapet, og prøver også så godt det er mogleg å fange opp engasjement på Facebook. Vi håper at nokre av dei som engasjerer seg sterkt på for eksempel sosiale medier vil melde si interesse. Vi søkjer også dei som ikkje nødvendigvis er så aktive utad, men som tenkjer dei kan bidra positivt i ei slik gruppe i form av innspel og tilbakemeldingar, oppmodar Urke Osnes.

- Som medlem i gruppa vil du bli betre kjend med selskapet og framtidige planar i SSR og samstundes kunne vere med å påverke tilbodet. Ta kontakt med SSR på telefon eller e-post om du er interessert i å bli medlem. Neste møte vil vere i slutten av månaden og det blir servert kaffi og sveler, lovar kommunikasjonsansvarleg Linn Urke Osnes.