Island Offshore har blitt valt ut av Premier Oil UK Limited for ei såkalla LWI-servicekontrakt (Light Well Intervention) på britisk sokkel. Kontrakten er med på å styrke Island Offshore sin etablerte posisjon i den dynamiske og konkurransedyktige marknaden i Nordsjøen, hevdar reiarlaget frå Ulsteinvik i ei pressemelding.

Premier Oil UK Limited er eit veksande olje og gass leite- og produksjonsselskap. Mykje av grunnen til at Island Offshore sikra seg kontrakten frå det britiske oljeselskapet, er at reiarlaget står bak så mange som 250 brønnboringar sidan 2005.

– Premier Oil er ein ny kunde for oss. Gode resultat og ambisiøse vekstplanar gjer at Premier Oil er eit spennande namn for oss å samarbeide med i framtida. Denne britiske kontrakten er ein siger for selskapet og vil konsolidere vår posisjon som ein føretrukken leverandør innanfor sektoren, fortel administrerande direktør Robert Friedberg i Island Offshore Subsea.

Det er den 120 meter lange Island Constructor som skal utføre arbeid for Premier Oil. Fartøyet, som med Premier Oil har sikra si tredje kontrakt på britisk sokkel i år, er Island Offshore sin signatur på lang operasjonell erfaring i området.

– Dette er den tredje kontrakten Island Constructor har vunne i år. Dette viser dei konkrete fordelane med vår investering i å byggje ei moderne flåte med høgteknologiske servicefartøy, fortel Freidberg

Sigeren kjem som følgjer av Island Offshore sine vellukka oppkjøp av ei rekkje kontraktar for brønnintervensjon tidlegare i år. Firmaet har no ein leiande posisjon både på norsk og britisk sokkel. Det er på grunn av Island Offshore sitt engasjement for god service, teknologi og resultat for sine kundar.