Rederiforbundet meiner situasjonen for norske offshorereiarlag aldri har vore tøffare enn den er no. Det skriv Maritime.no.

Forbundet legg mellom anna vekt på at samansetninga av flåten er annleis i dag enn den var på 1990- og tidleg 2000-talet.

- Dei siste åra har vi sett ein kraftig vekst i offshore-flåten, aktiviteten har auka og oljeprisen steig til over 100 dollar fatet. Konsekvensen av kollapsen i oljeprisen, kraftig aktivitetsfall og usikkerheit på fleire soklar er difor større enn tidlegare innan offshore, seier Sturla Henriksen, administrerande direktør i Rederiforbundet.

- Ikkje enden på visa

Henriksen trur ikkje det vi ser no er enden på visa.

- Eg har tru på at kompetansen og innovasjonsevna som ligg i bransjen. Detter er ikkje enden på visa. Vi har vore gjennom nedturar tidlegare som vi har kome gjennom, og stort sett styrka ut av, seier han.