- Dette er noko som vil revolusjonere norsk fiskeri i framtida, seier Idar Flø til Vikebladet Vestposten.
NCMC (Norwegian Centre of Maritime Communication) ved dagleg leiar Idar Flø, kunne nyleg offentleggjere at dei har inngått samarbeid med SINTEF kring tre prosjekt som alle har som mål å samle inn ressursdata frå fiskeflåten for meir effektiv fangst og betre bestandsestimering.
- Desse tre prosjekta vil samle inn enorme datamengder og ein satsar på fartøy frå 11 meter og oppover. Per i dag er det eit potensiale på 1.124 fartøy innan desse kategoriane. Vi startar med norsk fiskeri, men prosjektet vil ha eit betydeleg potensiale i heile det nordatlantiske fiskefeltet, seier dagleg leiar Idar Flø.
Dei tre prosjekta er Databio, MarData og SEA ERN OceanIntel.
DataBio er eit EU prosjekt (2017 – 2020). Fiskeridelen blir leia av SINTEF, med deltaking frå 4 ringnotreiarlag, Sildesalgslaget og AZTI.
MarData (har sendt søknad til Norges Forskningsråd) er ei samanslutning av reiarlag (ca. 23 fartøy) innan trål og pelagisk, saman med fleire utstyrsleverandørar, som SINTEF, NTNU, AZTI og BarentsWatch.
SEA ERN OceanIntel (har sendt søknad til Innovasjon Norge) er eit prosjekt som vil dra veksel på fartøya i MARDATA med eit tillegg på 15–20 andre ringnotfartøy og med deltaking frå NCMC, NTNU, SINTEF, ÅKP og Høgskulen i Volda.
Vil utvikle grunnlag for bruk av data
DataBio vil utvikle grunnlaget for bruk av data frå fiskefartøy for bestandskartlegging og effektivt fiskeri ved hjelp av Big Data.
MarData vil baserast på resultata frå nemnte DataBio. Prosjektet vil ha tilstrekkeleg mange fartøy til å gje både fiskefartøy og forvalting eit betre avgjerslegrunnlag.
SEA ERN OceanIntel vil bli basert på eksisterande utstyr om bord, og vil vere leverandøruavhengig ved innsamling av fiskeridata. Målet er å ha med alle fartøy over 11 meter for å dekke alt. Til saman vil desse tre prosjekta dekkje alle norske fartøygrupper og deira fangstområder. Prosjekta vil også søkje for å utplassere utstyr på andre typar kommersielle fartøy, som ferjer, offshore- eller fraktefartøy. All data skal behandlast som sensitiv informasjon, og er eigd av fiskaren.