- Vi har fått på plass ei løysing som både er langsiktig og berekraftig. Vi sikrar hovuddelen av verksemda og arbeidsstokken, og Olympic er refinansiert fram til utgangen av oktober 2021. Som ein del av løysinga blir det etablert eit nytt Olympic-selskap som får tilført naudsynt kapital til å komme gjennom den konjunkturnedgangen heile næringa no opplever, seier reiar Stig Remøy i ei pressemelding.
Det er lokale investorar som går saman med Stig Remøy i ei løysing for å restrukturere og refinansiere verksemda. Avtalen sikrar vidare drift og er akseptert av dei sikra långivarane, verftskreditorane og meir enn to tredelar av obligasjonseigarane til selskapet sine usikra obligasjonslån.
Hovedelementet i den nye løysinga er altså etableringa av eit nytt subsea-selskap, Olympic Subsea AS. 400 millioner kroner blir tilført i ny eigenkapital, lånevilkåra blir reforhandla og det har kome på plass ein forfallsprofil på låna.
Samstundes reduserast selskapet si samla renteberande gjeld frå 5,5 milliardar kroner til 3,8 milliardar kroner.
Lokale investorar
Stig Remøy går sjølv inn som hovudeigar med ein aksjepost på 70 prosent i det nye selskapet. Med på laget har han tre lokale investorar. Husefamilien deltek gjennom investeringsselskapet Seriana AS, den andre investoren er Marin Group AS, som driv Marin Teknikk. I tillegg kjem også COO i Olympic Shipping AS, Bjørn Kvalsund inn på eigarsida gjennom selskapet Omega Maritime AS.
- Vi er nøgde med at vi fann løysinga her lokalt, gjennom investorar som kjenner vår verksemd og marknaden. Dette vil gje arbeidsro i ein turbulent marknad, men det vil også posisjonere selskapet for å ta del i veksten den dagen konjunkturane snur, seier Remøy.
De lokale investorene er også nøgde med etableringa av det nye selskapet. Desse blir hovudsakleg finansielle aktørar.
- Vår investering er basert på at vi ser på Olympic som eit interessant og framtidsretta selskap, seier Seriana AS sin representant, Pål Huse.
- Investeringa i Olympic passar godt inn i vår investeringsstrategi, seier Svein-Rune Gjerde, dagleg leiar i Marin Group AS.
Restrukturering også av flåten
Ein av långjevarane tek samstundes over «Olympic Commander», «Olympic Poseidon» og «Olympic Hera». Salet av dei fire skipa er ein del av løysinga. Samstundes betyr dette at Olympic ikkje lenger kan tilby arbeid til mannskapa om bord på desse skipa. Til saman reknar ein med å måtte seie opp rundt 80 tilsette, samstundes som andre vil kunne bli permittert.
- Det er beklageleg at vi er nøydde å seie opp så mange gode medarbeidarar, og vi skulle gjerne ha vore dette forutan. Samstundes gjer løysinga at vi vil kunne halde på hovuddelen av vår arbeidsstokk, seier Remøy til slutt i pressemeldinga.