«Gullblokka» blei oppført tidleg på 1980-talet, og var i si tid administrasjonsbygget til Ulsteinkonsernet, før det og produksjonslokala blei seld til britiske Vickers i 1999 og seld vidare til eit anna britisk konsern, Rolls-Royce, nokre månader etter. No er bygningsmassen i ei slik forfatning at den britiske industrigiganten må tenkje nytt.

– Vi er inne i ein planleggingsfase der vi ser på ulike alternativ, for å tilby dei som i dag sit på «Gullblokka» skikkelege kontorfasilitetar her på Hareidlandet. Kva vi landar på veit vi ikkje enno, seier Olav Korshaug, prosjektansvarleg i strategiavdelinga til Rolls-Royce Marine, til Vikebladet Vestposten.

Avkreftar riving

Akkurat det med Hareidlandet er det viktig for Korshaug å poengtere.

– Vi har som mål å legge til rette for at arbeidsplassane blir verande her på øya, noko også konsernleiinga er einige i. Det ser vi på som veldig positivt, og det er viktig for oss å vere til stades i denne store maritime klynga, seier han.

Korshaug avkreftar rykta som har svirra ei stund, om at konsernet har vedteke riving av det ikoniske bygget.

– Nei, det stemmer ikkje. Vi har ikkje på noverande tidspunkt vedteke at bygget skal rivast, seier han bestemt og legg til:

– Det har vore mykje spekulasjonar om at no må folk reise til Ålesund. Dette vil eg avkrefte. Vi ønskjer å finne langsiktige løysingar for dei som i dag sit på «Gullblokka» her på Hareidlandet.

Tenkjer helse og miljø

«Gullblokka» husar framleis rundt 110 tilsette, men arbeidsklimaet i bygget er av ein slik standard at noko snart må gjerast, fortel Olav Korshaug.

– For oss handlar det om å finne gode løysingar til våre tilsette, og gi dei moderne og effektive kontorlokale som også tilfredsstiller HSE-krava (helse, sikkerheit og miljø).

Han fortel at nokre av dei som tidlegare hadde kontor i «Gullblokka» har blitt flytta til Hjørungavåg.

– Dette har vi gjort med tanke på helse og miljø. Vi ønskjer å tilby fasilitetar som gjer at folk ikkje får helseplager. Vi ønskjer å vere i forkant, og har difor flytta over nokre av våre tilsette til bygget vårt i Hjørungavåg.

Inga endeleg løysing enno

Gullblokka kan bli modernisert, ho kan bli fjerna og erstatta med noko nytt, men Korshaug trur ikkje bygget eller tomta blir ståande slik den gjer no til noko meir drastisk må gjerast.

– Nei, før eller sidan må noko gjerast, men det har vi som sagt ikkje kome fram til ei endeleg løysing på enno, seier Olav Korshaug til slutt.

Prosjektansvarleg: Olav Korshaug jobbar no med å finne løysingar for å betre arbeidsmiljøet til dei tilsette i Rolls-Royce som i dag har kontor i signalbygget «Gullblokka» i Ulsteinvik. Foto: Rolls-Royce.