Hovudindeksen på Oslo Børs starta med solide 1,3 prosent opp måndag morgon.
Dette skjer som følgje av den gode nyheita frå helga om at Opec og 11 andre land har blitt einige om produksjonskutt. Difor skaut altså oljeprisen i vêret måndag morgen. Klokka 10 måndag formiddag er eit fat brent nordsjøolje verdt 57 dollar.
Om oljeprisen held fram å stige kan det også gi positiv effekt for verksemdene i den maritime klynga på Nordvestlandet.