6. november skal Havyard sitt nybygg 115 «African Inspiration» døypast i Fosnavåg. Finansminister Siv Jensen skal vere gudmor.

Marine Platforms Limited frå Nigeria bestilte i april 2013 eit Havyard 857 Subsea skip. 5.november blir skipet levert til reiarlaget frå Havyard sitt verft i Leirvik i Sogn, og dagen etter skal skipet døypast og feirast i Fosnavåg i Møre og Romsdal.

- Godt samarbeid og spennande utsikter

Kontrakten Havyard inngjekk med Marine Platforms er den første på levering av skip frå eit norsk verft til eit afrikansk reiarlag på veldig mange år.

- Vi kjende til Marine Platforms frå før, då dei hadde kjøpt eit offshore skip frå eit norsk reiarlag og chartra inn eitt frå eit anna, seier konsernsjef Geir Johan Bakke.

- Då eg møtte Taofik Adegbite, som er gründer, eigar og administrerande direktør i Marine Platforms, fekk eg eit godt inntrykk frå første stund. Fyrsteinntrykket har blitt stadfesta og vi har hatt eit veldig godt samarbeid gjennom prosjektet. Det har vore utfordringar undervegs og vi må innrømme at på finansieringssida har desse vore noko større enn på dei fleste andre prosjekt, men vi har hatt eit veldig konstruktivt samarbeid om å finne løysingar heile vegen. Basert på dei erfaringane vi har gjort og relasjonar vi har bygd, så har vi stor tru på at vi skal kunne få til endå meir saman med Marine Platforms, og i den afrikanske marknaden vidare, seier konsernsjefen.

Ope skip, dåp og shippingklubb

Finansminister Siv Jensen har som vanleg lagt opp til eit stramt program på reisa si til Fosnavåg. Først vil ho delta på konferansen som Fosnavåg Shippingklubb arrangerer. Konferansen, som er planlagt om bord i «African Inspiration», startar med eit innlegg frå Siv Jensen og vil vidare ha som fokus kva mogelegheiter det er for norske bedrifter i oljenæringa i Nigeria.

Deretter skal Jensen vere gudmor og døype «African Inspiration», før ho rundar av sunnmørsbesøket med å møte nokre av dei lokale verksemdene.

- Dette viser at finansministeren både ser kor viktig det er med arbeidet som blir gjort i den maritime klynga på Sunnmøre, og potensialet i eit tettare samarbeid med oljeindustrien i Afrika, heiter det i ei pressemelding frå Havyard Group.

Lokalbefolkninga og andre interesserte vil også få høve til å sjå nærare på Havyard sitt nybygg i Fosnavåg før konferansen. Ungdomsskulen og den vidaregåande skulen i Herøy vil få ein spesiell invitasjon til å besøke nybygget.

. Havyard 857 «African Inspiration» er eit topp moderne subsea fartøy av høg kvalitet, og slike skip vekker alltid stor interesse i «Norges offshorehovudstad», skriv Havyard Group i si pressemelding.

Reiarlaget

Marine Platforms Limited er eit nigeriansk selskap som tilbyr ulike tenester til oljeindustrien offshore i Nigeria og internasjonalt. Tenestene består mellom anna av brønnservice, subsealøysingar på djupt vatn og utleige av skip til ulike offshore oppdrag.

Taofik Adegbite grunnla selskapet saman med to andre partnerar og leier selskapet i dag. Marine Platforms har hovudkontor i Lagos, operasjonsbase i nærleiken av Port Harcourt på sørkysten av Nigeria, og teknisk driftskontor i Aberdeen i Skottland. Selskapet vart i 2013 kåra til årets bedrift i Nigeria.

«African Inspiration»

«African Inspiration» er eit Havyard 857 Subsea IMR (Inspection Maintenance and Repair) skip som skal brukast til installasjon, vedlikehald og reparasjon av oljeinstallasjonar på havbotnen. Fartyet er designa av Havyard Design & Solutions i Fosnavåg og bygd ved Havyard Ship Technology i Leirvik i Sogn.

Fartyet har ei lengde på 113 meter og ei breidde på 22 meter.

Breidde: 22 m

Lugarkapasitet: 120 personer

Lastedekk: 1200 m2

Aktiv hiv-kompensert offshore kran: 250 tonn

Havyard-design: Det er Havyard Design & Solutions som leverer designet til «African Inspiration», medan Havyard sitt verft i Leirvik i Sogn har stått for bygginga. Foto: FireGrader