Fellesforbundet krevde tysdag brot i meklinga med Norsk Industri for Industrioverenskomsten (frontfaget). 26.000 medlemer på 800 bedrifter vil dermed bli råka av ein eventuell streik, og om ikkje partane kjem til semje innan midnatt laurdag, vil 26.000 arbeidarar gå ut i streik frå søndag morgon. 3.000 av desse i Møre og Romsdal.

Les også: Fare for streik frå sundag

På lista over bedrifter står mellom anna Kleven Verft, Ulstein Verft, Myklebust Verft og Rolls-Royce Marine.

- Har ikkje råd

Ved Ulstein Verft vil heile verftet stoppe opp om det blir streik natt til søndag, skriv NRK.

- Vi har eigentleg ikkje råd til å kaste bort noko tid på ein streik, men streiker sjølvsagt om det blir nødvendig, seier hovudtillitsvalt for dei 140 tilsette som er organiserte i Fellesforbundet ved Ulstein Verft, Bjarne Pettersen, til NRK.

Han innrømmer at ein streik hadde passa ekstra dårleg slik tidene er no.

- Det er klart vi er veldig pressa. Vi held på å sluttføre ein båt no, og så har vi ein til, så vi har eigentleg ikkje råd til å kaste bort tid på ein streik.

Torild Bugge, HR-sjef i same verksemda, ser mørkt på ein eventuell streik.

- Vi står midt oppi permitteringar og oppseiingar, og det vil påverke heile miljøet i bedrifta, seier Bugge til NRK.