Under Sparebanken Møre si generalforsamling 20. april vart det vedteke at Kjersti Kleven er valt som ny leiar av banken si generalforsamling. Valet gjeld for eitt år. På same generalforsamling vart Elisabeth Maråk Støle valt inn i styret i banken. Det skriv Sparebanken Møre i ei pressemelding.

Det gir dette styret i Sparebanken Møre:

  • Leif-Arne Langøy, styreleder

  • Roy Reite, nestleder

  • Ragna Brenne Bjerkeset, medlem

  • Ann-Magritt Bjåstad Vikebakk, medlem

  • Elisabeth Maråk Støle, medlem

  • Henrik Grung, medlem

  • Helge Knudsen, medlem (valt av og blant dei tilsette)

– I sparebankane har både kundane, eigenkapitalegarane og lokalsamfunnet innflytelse gjennom generalforsamlinga. Generalforsamlinga er samtidig bindeleddet mellom desse og banken si leiing og styre. Dette er ein spanande konstellasjon som eg håpar vil fortsette å vise stort engasjement for Sparebanken Møre sin relevans i og for regionen, seier Kleven i pressemeldinga.