Etter over 40 år i Brimer/Kvamsøy Plastindustri har Jarle Støylen bedd om avløysing som dagleg leiar. Det vekte difor glede at Håvard Haanes (52) no i april har tatt fatt i utfordringa som ny administrerande direktør i Brimer AS.

Håvard har lang erfaring frå diverse stillingar i lokalt næringsliv. Han er utdanna sivilingeniør frå NTH, og har mellom anna erfaring som adm.dir. i Tingstad AS, Stadt Automasjon AS og Odim ASA. I Odim var han var med på oppkjøpet og fusjonen inn i Rolls-Royce Marine, og her jobba han tre år som leiar for forretningsområdet Deck Machinery Seismic & Subsea. Den siste tida har han jobba som sjølvstendig rådgjevar og styremedlem og -leiar i diverse selskap innan maritim næring.

Brimer AS er inne i sterk vekst. Foreløpige tal for 2015 viser at selskapet får ei omsetning på ca. 80 mill kr, opp frå 55 mill kr i 2014 og 37 mill i 2013.

- Året under eitt viser eit positivt resultat trass i at selskapet har kjent på veksesmerter, og at dei har valt å ta nokre eingongskostnadar over drifta i 2015. Selskapet er svært glad for den tilliten som marknaden har vist oss og våre produkt og tenester gjennom veksten vi erfarte i 2015, og ser fram til å vidareutvikle dette i lag med våre kundar i tida framover, seier styreleiar Bjørn Tunheim.