Fiskebåtreiarlaga i Møre og Romsdal hadde fem gonger høgare lønnsemd i 2016 enn i 2010. Det skriv Nett.no.

Ifølgje næringslivsportalen er det dei to siste åra lønnsemda har auka betrakteleg. Fiskebåtreiarane hadde i 2014 ein driftsmargin på 17 prosent, medan talet to år etter viste seg å vere på 33 prosent. Går ein ikkje lenger tilbake enn til 2010, var driftsmarginen nede på sju prosent.

Driftsinntektene auka i same perioden, mellom 2014 og 2016, med 40 prosent. Eller til over seks milliardar kroner.

Tala Nett.no viser til kom fram i den årlege analysen over tilstanden til veksemdene i den maritime klynga. Desse tala blei presentert på klyngekonferansen i Ålesund i slutten av førre veke.