Vikebladet Vestposten møter Johs i lokala til T. Riise på Hareid. I kjend stil står han på for kundane, og berre det beste er godt nok når det gjeld service og informasjon til dei som ønskjer å finne seg nye klesplagg. Noko av drivkrafta til Johs Christian Riise er å vite at kundane er nøgde. Og, fokuset hans er no fullt og heilt retta mot T. Riise etter at Æra blei bestemt nedlagd tidlegare i år.

– Det vi har hatt av varesortiment her på Hareid har gjort T. Riise konkurransedyktig i forhold til andre butikkar. Men, som ein naturleg konsekvens av at Æra blei lagd ned, så har fleire av varemerka vi hadde der blitt med over hit. Meir eller mindre alle leverandørane vi hadde på Æra, var gira på å vere med over til Hareid. Det er sjølvsagt veldig positivt, seier Riise.

Ein Æra er over

Det var i oktober 2015 nyheita kom. Johs. Christian Riise, tredjegenerasjons drivar av tradisjonsrike T. Riise på Hareid, skulle starte ein heilt ny herreklebutikk i Sjøsida-bygget i Ulsteinvik. Med på laget hadde han Aleksander Håskjold, ein annan erfaren fagmann. Saman hadde dei to skapt konseptet Æra, og lanseringa skjedde midt i den verste nedgangstida for regionen.

– Vi ønskjer ikkje vere eit blaff i bybiletet i Ulsteinvik. Vi er komne for å bli, sa Johs til lokalavisa i starten av 2016, nokre månader etter Æra blei starta opp.

Men slik blei det altså ikkje. Æra blei nok noko meir enn eit blaff, men Johs vedgår at ein i ei ideell verd skulle sett at Æra framleis var i drift. Han fortel at det var ei tung, men også naudsynt avgjersle.

– Den tydelegaste årsaka til at det ikkje gjekk til slutt var at det ikkje blei tid og kapasitet nok, kombinert med ei svak utvikling i regionen i form av uvisse kring arbeidsplassar.

– Skal skape gode opplevingar

Johs fortel at han veit konseptet var godt.

– Det var gjennomarbeidd til punkt og prikke før vi lanserte det, og det blei vidareforedla medan vi jobba med det. Men, vi kom ikkje heilt dit vi ville, verken på det eine eller andre nivået. Det var betre å avslutte det medan det enno var «lukkeleg», framfor å vente lenger og kanskje hamne skikkeleg i «ulukka». Vi kunne sikkert ha gambla med at det skulle rette seg med tanke på omsetninga. Innimellom dei mørkaste stundene i både 2016 og 2017 var det gode tendensar å sjå, men det var ikkje vedvarande. Eit faktum i denne bransjen, som i dei fleste andre, ein er avhengig av å ha litt å gjere på heile veka. Kanskje var det for tidleg, for ambisiøst? Nei, eg trur eigentleg ikkje det. Men samla sett gjekk det ikkje slik vi hadde håpa.

Johs Christian Riise fortel at han fekk mange meldingar frå vener og kjende, i etterkant av avgjersla. Han fortel også om ein enormt god og vedvarande respons frå eksisterande og nye kundar, i tillegg til leverandørar.

– Eg har lært mykje av dette, men eg ville ikkje vore Æra forutan. No er dette historie, og mitt fokus er fullt og heilt på T. Riise. Her skal vi halde fram med å skape gode opplevingar, og gjere det ytste vi kan for kundane våre, seier han til slutt.