I går, fredag gjekk fangstskuta Havsel frå Alta nordover att etter å ha vore nokre dagar i Tjørvåg for å losse vel 1500 skinn av grønlandssel til verksemda Polargodt.
Skinn og spekk dannar råstoffgrunnlaget for verksemda det komande året. Spekket som vert fjerna frå skinna vert det framstil selolje av, medan skinna vert garva og vidareforedla til ulike produkt.
– Selolje innheld spesielt samansette feittsyrer som har ein særleg gunstig innverknad på ledd og hudlidingar, seier Arnfinn Klungsøyr Karlsen i Polargodt.
Ein arbeidsgjeng på rundt femten personar har vore i sving med å ta i mot og bearbeide skinna.
– Dei plar dukke opp når leveransen kjem Det er vel ein kombinasjon av nostalgi og økonomi som lokkar, trur Karlsen.
Arnfinn Klungsøyr Karlsen kunne gjerne ha tenkt seg fleire fangstskuter i isen.
– Det hadde ikkje vore noko problem å drive lønsamt for ei tre-fire skuter, meiner han.
Han meiner ein bør sjå på selfangsten ut ifrå eit økologisk perspektiv, ikkje berre eit økonomisk.
– Bestanden av sel veks med 100.000 individ i året. Det seier seg sjølv at ei skute er for lite til å hanskast med dette. Hugs at på det meste reiste det ut 53 fangstskuter berre frå Sunnmøre, seier Karlsen.
Han er naturlegvis innforstått med at den tida aldri kjem tilbake, men han har likevel trua på at selfangsten kan få seg ein oppsving, etter at aktiviteten har lagt på eit lavmål i fleire år no.
Fangstskuta Havsel gjekk nord til Vestisen, nordvest av Jan Mayen, heilt i starten av april. Mellom mannskapet på ni var det også to karar frå Hareid, fangstmann Daniel Hauge Teigene og styrmann Espen Brandal.
– Det var vanskeleg å nå inn til selflokkane i Vestisen på grunn av mykje stor is. Vi gjekk difor sør tll Danskestretet, fortel Daniel Hauge Teigene.
Han fortel at mykje av tida går med på å leite etter dyr, men når fangsten først er i gang er det hardt arbeid som gjeld, med flåing, lasting og pakking, med arbeidsmetodar som ikkje har endra seg nemneverdig på generasjonar.