Det er fleirtal i alle aldersgrupper og alle landsdelar, blant begge kjønn, for å halde på oljeindustrien. Det skriv Klassekampen. Blant dei spurde svarar heile 70 prosent "ja" på spørsmålet om at det er viktig å oppretthalde olje- og gassindustrien i Norge. Knappe 16 prosent svarar at det ikkje er viktig, medan 13 prosent ikkje har ei bestemt meining.

– Dette resultatet viser at det er eit klart fleirtal som støttar næringa i alle delar av landet. For oss er dette veldig oppmuntrande, seier administrerande direktør Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i Norsk olje og gass.

Det er Norsk olje og gass som har bestilt undersøkinga frå Kantar TNS.

- Målinga er ei vitamininnsprøyting for dei 200.000 menneska som jobbar i næringen, seier Schjøtt-Pedersen.