Dei siste fem-seks åra har det blitt færre norske sjøfolk i den norske offshorebransjen.

Det er Nett.no som skriv om endringa med fleire skip registrert i utlandet og fleire utanlandske arbeidarar i norske offshorereiarlag dei siste åra.

Sjølv om totaltala på offshoreskip i Noreg stort sett er uendra, syner tal henta frå Sjøfartsdirektoratet sine lister over sletting og innføring av farty i Norsk Ordinært Skipsregister (NOR) og Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS) at det har vore ei endring som gir færre norskregistrerte skip og færre nordmenn i næringa.

Berre på Sunnmøre er talet på reine utflaggingar frå NOR og NIS den siste femårsperioden på rundt tretti fartøy. Halvparten har valt Bahamas-flagg som erstatning for det norske. Av til saman 3300 sjøfolk på båtar frå Fosnavåg er det i dag om lag 1200 med ein annan nasjonalitet enn norsk.

Kostnadsspørsmål, vanskar med å få tak i norske sjøfolk, byggjeboom av skip og den økonomiske konkurransesituasjonen med riggselskapa, er faktorar som speler inn og påverkar bemanninga og utflagginga, skriv nettstaden.