Stadig fleire nordmenn trur arbeidsløysa vil auke betydeleg, ifølgje ei ny undersøking.

Undersøkinga, som er gjennomført av Opinion for FINN jobb, viser at delen pessimistar blant norske arbeidstakarar har auka betydeleg dei siste 12 månadane. Kvar femte nordmann trur no at arbeidsløysa vil auke betydeleg i 2016.

I 2014 var det berre fire prosent som trudde arbeidsløysa ville auke betydeleg det neste året, mens det i 2015 var åtte prosent som trudde det same. Undersøkinga i år viser altså at pessimismen har stige betrakteleg.

– Det er færre ledige stillingar samanlikna med same periode i fjor, samtidig som det er fleire nordmenn som orienterer seg i arbeidsmarknaden. Det tyder på uro blant arbeidstakarar, seier jobbanalytikar og produktdirektør i FINN jobb Fredrik Schjold.

Det er dei eldste arbeidstakarane som er mest pessimistiske. 85 prosent av respondentane i aldersgruppa 50 – 60 år trur arbeidsløysa vil auke i 2016, mens blant dei yngste respondentane i aldersgruppa 15 – 25 år er det 57 prosent som trur på aukande arbeidsløyse.