Fram til 1. oktober treng ikkje Farstad Shipping ASA, med mange tilsette frå Ulstein og Hareid, å betale renter og avdrag på låna sine.

For det er i ei børsmelding at storreiarlaget skriv at dei som eit første steg i den finansielle restruktureringa av selskapet har sikra seg ein avtale med fleirtalet av de sikra utlånarane om at selskapet ikkje skal betale avdrag og renter på låna sine frå 1. juli til 1. oktober i år. Det skriv Maritime.no.

Det er nesten 1900 tilsette i reiarlaget i dag, og ifølgje selskapet er dette siste grepet også eit av dei grepa som blir gjort for å kunne halde flest mogleg av dei tilsette i jobb vidare framover.