For første gong har ein ubemanna båt styrt av kunstig intelligens kryssa Atlanterhavet på eiga hand. Ferda var ledd i eit havforskingsprosjekt med mål om at ubemanna båtar ved eiga hjelp skal kunne samle viktige havdata.
Båten er ein 15 meter lang og 6,2 meter brei katamaran som er utstyrt med seks kamera, meir enn 30 sensorar og 15 einingar for observasjonar og prosessering som alle gir innspel til den kunstig intelligente datamaskin-kapteinen. Han er ikkje fjernstyrt og alle berekningar og avgjerder vart derfor gjort om bord av datamaskinene der.
Foto: IBM.