Det var i 2014 at Gjerde Invest, som blant anna eig Rørservice i Ulsteinvik, signerte avtale om oppkjøp av Ø. Uri & Sønn AS i Sykkylven.
Oppkjøpet var ein viktig del av selskapa sin vekststrategi og med dette oppkjøpet blei verksemda ei av dei største rørleggjarbedriftene i Møre og Romsdal.
Tysdag kom nyheita om at dei to selskapa som har vore under same eigarskap i to år, no fusjonerer saman til eitt og same selskap, RørserviceUri AS.
- Naturleg steg
Fusjonsavgjersla blei registrert i Foretaksregisteret 31. oktober i år. Kreditorfristen gjekk ut 6. desember, og det har no blitt avgjort at ein fusjonerer dei to selskapa.
- Begge selskapa har same eigar, og det har vore eit naturleg steg i vår strategi å fusjonere desse selskapa, seier dagleg leiar i RørserviceUri AS, Frode Gjerde, i ei pressemelding.