- De blir ikkje rett å kalle årets lønsoppgjer for eit nulloppgjer, seier leiaren for Fellesforbundet, Arve Bakke, til Romsdals Budstikke.

Han viser til at gjennomsnittsløna for arbeidstakarane blir høgare i år enn den var i 2014. Lønsauken er likevel lågare enn ein har vore vand med dei siste åra, fortel Bakke.

Som leiar av Fellesforbundet har Bakke vore sentral under årets lønsoppgjer, på LO si side.

Ramma for årets lønnsoppgjer blei sett til 2,7 prosent.

Solidaritet i botnen

I 2014 var denne ramma på 3,3 prosent, noko som gav utslag i 3,1 prosent vekst i lønn.

Solidaritet ligg i botnen for årets oppgjer, meiner Bakke.

- Det kunne blitt 25 øre meir i timen for alle arbeidstakarar. I staden avstod det store fleirtalet frå sentralt lønstillegg for at gruppene med lågast inntekt skulle løftast og ikkje bli hengande ytterlegare etter, seier Bakke til Romsdals Budstikke.