– Eg visste lenge at butikken kom til å vere historie ein dag. Nettet har tatt over mykje av handelen som før skjedde over disken, og eg er veldig glad for at eg slang meg på trenden svært tidleg, seier Jonny Brandal.

For han var faktisk mellom dei aller første som opna nettbutikk for sal av lamper og andre liknande elektriske artiklar.

– Mange av leverandørane mine regelrett flira av meg.

Tok over etter faren

Jonny starta derimot ikkje rett på nett. I 2005 sa Jonny med faren Jan Kåre, at dersom han skulle ta over butikken J.K. Brandal Elektriske AS i Ulstein sentrum, ville han ha fleire bein å stå på. Då var ultimatumet frå faren at han måtte ta over bedrifta sjølv, noko Jonny også gjorde. Han dreiv butikken fram til den blei slått konkurs.

– Far min var veldig i mot det då eg først føreslo det, og meinte det ville vere eit pengesluk. Eg hadde derimot trua, og spesielt dei siste fire åra har nettbutikken fått eit skikkeleg oppsving. No veit eg også at far min har endra meining, seier Jonny og smiler.

Då butikken i Ulsteinvik blei slått konkurs, kjøpte Jonny lik så godt konkursbuet.

– Eg tenkte det ville vere eit flott lager å ha i bakhand. Det var nesten hundre pallar med varer til ein verdi av eit par millionar kroner, og eg fekk det rimeleg. Det var ei svært god investering for den vidare drifta av Lampetorget, seier Jonny.

– Ikkje enkelt å drive butikk

Ifølgje Jonny var det berre eit tidsspørsmål før butikken blei bytta ut med eine og åleine fokus på nettbutikken.

– Det er langt ifrå enkelt å drive ein butikk på ein liten stad uti havgapet. Lønningane går opp, straumen og forsikringar blir dyrare, samstundes som salet går ned. Då seier det seg sjølv at ein til slutt ikkje tener nok på tradisjonell butikkdrift.

I 2005 kom han i kontakt med ein som bygde nettsider, og bestilte dermed ein nettbutikk, som no går bra.

– Eg vil ha tida på meg for å byggje opp eit solid fundament, og sikra bedrifta kapital.

Pakking: Per no er det Jonny åleine som driv nettbutikken og pakking av varer. Han har med tider og stunder planar om å selje gamlebutikken i Ulsteinvik sentrum, og skaffe seg eit kontor i Saunesmarka. – Når ein er på nettet betyr det lite kvar ein sit og sender ut varer, seier Jonny.