Med kontor på Stålhaugen på Saunes i Ulsteinvik og Andreas Røyset tilsett som administrerande direktør, vonar det nyskipa selskapet Adria Winch Norway å nå kundar i den maritime klynga på Nordvestlandet.

Morselskapet Adria Winch held til i Split i Kroatia og har spesialisert seg på ulike typar dekksmaskineri som vert produsert ved fabrikkanlegget deira der.

Adria Winch etablerte det norske selskapet Adria Winch Norge AS i mai i år. Ved å opprette eit selskap i Noreg, er målsetjinga å få arbeide tett opptil den maritime industrien, med særleg vekt på offshore-farty

- Adria treng å vere i nærleiken av dei viktige kundane sine, og dette er årsaka både til etableringa og plasseringa av Adria Winch Norge, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

Andreas Røyset vart tilsett som administrerande direktør i juni. Røyset har lang erfaring frå arbeid innan den maritime klynga. Mellom anna har han arbeidd innan produksjon av dekksmaskineri, ført på teknisk avdeling, deretter med produksjon oig etterkvart innan produktutvikling og sal. Røyset si viktigaste oppgåve hos Adria Winch Norway er å vere kontaktperson overfor kundar og samarbeidspartnerar innan alt frå skipsdesignerar til reiarlag.