- Det å skape auka mobilitet og fleksibilitet i kvardagen til folk kan ikkje undervurderast. Somme blir lukkelege om dei får nytte sykkelen sin til og frå arbeid. Men det som fungerer i Oslo, fungerer ikkje i resten av landet, seier Ketil Solvik-Olsen til Vikebladet Vestposten.
Statsråden var først på besøk i Ørsta, der han deltok på ein konferanse der mellom andre Ulstein Group-konsernsjef Gunvor Ulstein var ein av talarane. Frå talarstolen var Ulstein klar på at Hafast er eit særs viktig prosjekt for regionen. Til Vikebladet Vestposten gav konsernsjefen ei kort samanfatting av bodskapen sin.
- Vi må klare å henge saman som region, og vi skal halde fram med verdiskaping. Vi vil bli rand til Trondheim og vi vil bli rand til Bergen. Eg meiner at det er så mykje interessant her i regionen at vi må bli ein av regionane ein frå sentralt hald vil satse på framover, seier Gunvor Ulstein til lokalavisa.
Ei klar oppmoding til Samferdselsdepartementet og jobben som no gjerast i forhold til NTP (Nasjonal Transportplan) der altså. Det var nettopp på grunn av dette planarbeidet Solvik-Olsen og partifellane hans besøkte Ulstein Verft.
- Vi skal gjere ein jobb for å prioritere samferdselsprosjekt over heile landet. Difor ønskjer vi å møte næringslivet i dei ulike regionane, for å finne ut av kva som er viktig, seier Ketil Solvik-Olsen.
Les meir om besøket ved Ulstein Verft, og kva statsråden meiner om Hafast i tysdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.