- I haust har 30 arbeidarar vore permitterte frå Myklebust Verft. Med Aker Wayfarer på plass har vi kunna kalla inn 20 av desse på jobb med ein gong, og dei siste ti kjem også tilbake fortløpande. Dette er særs gledeleg for oss alle i Kleven, seier kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund til Vikebladet Vestposten.

Det 157 meter lange og 27 meter breie konstruksjonsfartøyet er det største fartøyet som har vore i dokka ved Myklebust Verft.

I løpet av dei næraste månadane skal skroget forsterkast, eit tårn skal installerast om bord og fartøyet skal gjennomgå 5-årsklassing.