Kommunalsjef teknisk rår teknisk utval i Ulstein kommune til å stille seg positive til at Ulstein Knuseverk får ny driftskonsesjon.

Men han vil peike på eit par viktige vilkår knytt til drifta:

1. Steinknusaren må vere plassert og skjerma på ein måte som gir minst mogleg støy for omgjevnadene.

2. Flygestøv frå verksemda må minimaliserast for å unngår plager for areal både nær steinbrotet og steiknusar og på større avstand.

Saka skal opp i teknisk utval torsdag 14. april.