Det er Rolls-Royce som skal levere design og utstyr til Island Offshore sitt nye offshore-farty som skal leverast frå Vard sitt verft i Brevik i januar 2016.

Rolls-Royce har allereie levert design til to andre offshorefarty som Island Offshore får levert frå samme verft i løpet av neste år.

Kontrakten har ein verdi på rundt 70 millionar kroner og omfattar i tillegg til levering av designet, også hovudmotorar, reduksjonsgir, vridbare propellar, baug- og akterthrusterar, styremaskiner, dekksmaskineri og eit automasjon- og kontrolsystem.

- Vi er både stolte og glade over å kunngjere denne kontrakten , den femte i år med Island Offshore, seier Jørn Heltne, Senior Vice President - Sales, Ship Design & Systems ved Rolls-Royce.

- Vi ser fram til eit langvarig forhold med både Island Offshore og Vard Group, held han fram.