Sundet inn til Fosnavåg er 21 meter på det smalaste. Olympic Bibby er 19 meter brei. Då seier det seg sjølv at det måtte neste kirurgisk presisjon til for å få "dåpsbornet" inn i hamna i Fosnavåg der ho vert døypt i ettermiddag.

Skipet er designa av Marin Teknikk i Herøy, og bygd ved Kleven i Ulstein.

- Heile konstruksjonen er grundig gjennomgått med tanke på å redusere utslepp. I tillegg er dette eit svært fleksibelt skip, som kan jobbe i fleire sektorar, seier Stig Remøy, adm. dir. i Olympic Shipping.

I dag legg reiarlaget også fram miljørekneskapen sin for 2014, ein rekneskap som syner at Olympic Shipping er mellom dei fremste offshore reiarlag i verda når det gjeld å redusere utslepp.

- Både skipsdåpen og framlegginga av miljørekneskapen er to store hendingar for både oss og lokalsamfunnet. Det er første gong Olympic har ein skipsdåp i Fosnavågen, noko som vi vil markere litt ekstra med mellom anna ope skip, seier Stig Remøy.