Ullensvang køyrde rett i ferjekaia

Propell slo seg ut då ferja skulle legge til på Sulesund, melder NRK Møre og Romsdal.

Ullensvang fekk problem med ein propell då ferja skulle legge til på Sulesund, noko som resulterte i at ferja køyrde rett i ferjelemmen.  

Nyhende

Norled melder onsdag morgon at Ullensvang er midlertidig ute av drift på sambandet Hareid - Sulesund.

Ifølgje NRK Møre og Romsdal køyrde ferja rett i ferjekaia på Sulesund, etter at ein teknisk feil skal ha ført til at ein propell slo seg ut.

Det skal ikkje vere store skadar på ferja, men ferjelemmen på Sulesund skal ha fått seg ein solid smell, melder NRK.

Norled melder like etter 10:00 at B-ferja vil vere tilbake i normal drift frå avgangen klokka 10:30, men sende deretter ut ein kontrabeskjed. Ferja har framleis tekniske problem, og er innstilt inntil vidare.

Frå klokka 11 vil A- og B-ruta på sambandet bli trafikkert, medan C-ruta blir innstilt.