Anders Riise held fram som ordførar i Hareid

Ordførarkabalen vart lagt i natt

- Eg gler meg til fire nye år i ordførarstolen, seier Anders Riise. (Arkivfoto). 

Nyhende

Seint i går kveld vart det semje mellom Høgre, Folkelista og Framstegspartiet.

Anders Riise (H) får fire nye år som ordførar, og Kristian Fuglseth (Folkelista) blir varaordførar.

Avtalen som er inngått inneber at Folkelista og Høgre skal ha eit samarbeid som sikrar skulane i krinsane.

- Eg er både letta og glad. Og eg gler meg til ein ny periode som ordførar i Hareid, kommenterer Anders Riise.

Holstad Engen har tatt dissens på skulestruktur

Han opplyser at partikollega Berte Holstad Engen har tatt dissens på punktet om skulestruktur, og at Folkelista kjenner til dette.

- Avtalen er basert på eit valteknisk samarbeid, legg Riise til.

Ved kommunevalet skilde det berre eit titals røyster mellom Folkelista og Høgre, så demokratisk sett er det naturleg at anten Fuglseth eller Riise vart ordførar.

- Politikk, ikkje taburettar

- Eg vart ikkje ordførar, men varaordførar. Vi gjekk for politikk, ikkje taburettar, kommenterer Kristian Fuglseth.

Den nye koalisjonen med Høgre, Folkelista og Framstegspartiet har dermed sett Venstre, Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet på sidelinja.

Venstre, og KrF på sidelinja

I koalisjonen som braut saman tidlegare i veka, Folkelista, Kristeleg Folkeparti, og Venstre, var Annika Brandal frå Venstre tiltenkt rolla som varaordførar.

Slik vart det altså ikkje.

Dei neste fire åra er det Riise som skal ha roret, med Fuglseth som vara.

Hareid kommunestyre har konstituerande møte torsdag 15. oktober.