- Ein skikkeleg komikar som har gjort dette

Då Firas Entakli fann igjen den stolne bilen sin i morgontimane søndag, låg det ein femtilapp på dashbordet som takk for lånet. Pizzarestaurant-eigaren er ikkje sint av den grunn. - Nei, nei. Dette var artig, seier Firas Entakli.

Her er femtilappen Firaz Entakli fann i bilen sin då han fann den igjen.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.

Nyhende

Entakli, som eig og driv Verona Pizzarestaurant i Ulsteinvik, opplevde noko ganske så spesielt då han fann igjen sin stolne bil i morgontimane søndag. Den stod parkert ved ein butikk like i nærleiken, berre eit par kilometer frå heimen hans i Holsekervegen. Då han kika på dashbordet såg han ein krølla femtilapp, som takk for lånet.

- Eg fekk meg ein god latter kan du seie, fortel Entakli.

Han seier at han hadde jobb-bilen heime med seg fordi han fekk problem med privatbilen.

- Eg har normalt sett ein annan bil som eg nyttar privat. Men, i går fekk eg problem med å få start på den, så vi nytta takeaway-bilen. Klokka eitt køyrde eg og kona mi heim. Eg la nøklane i bilen, som eg brukar å gjere, slik at naboen min kan flytte den om han treng det. Eg vakna klokka ni i dag tidleg, og tok meg noko frukost. Då eg kom ut såg eg at bilen var vekke, seier Firas.

Han gjekk så rett inn igjen til kona.

- Eg spurde ho om det ikkje var slik at vi tok bilen heim i går. Jo, svara ho. Men, bilen var ikkje der.

Fann att bilen, med femtilapp på dashbordet

Firas fekk tak i politiet, som var i nærleiken på dette tidspunktet, og fekk meldt i frå om tjuveriet. Han gjekk rundt i nabolaget får å sjå om ikkje nokon hadde tulla med han, og parkert den eit stykke unna.

- Eg gjekk opp Holsekerbakken og vidare oppover. Plutseleg ser eg bilen der, ståande heilt åleine på parkeringsplassen ved Spar. Heilt på midten stod den, eg tenkte nokon tulla med oss. Eg fekk start på bilen, og såg så at der låg ein femtilapp der, på dashbordet. Eg tenkte med meg sjølv at den heilt sikkert vart lagt der som ein takk for lånet, seier Firas og flirer.

Han ringde så politiet, og meldte i frå om at bilen var funnen igjen.

- Denne personen bur sikkert i området rundt butikken ein stad, og kom seg nok greitt heim igjen i bilen min., seier Firas Entakli og smiler.

Han understreker at han ikkje er sint på tjuven, sjølv om han "lånte" bilen hans.

- Nei, nei. Eg vil gjerne treffe han eg. Ein skikkeleg komikar som har gjort dette, eg flira så eg grein då eg fann femtilappen. Det var jo min feil dette, å legge igjen nøkkelen i bilen, seier Entakli til slutt.