Har starta Veøy Møre AS

Lars Elling Bjåstad frå Hareid er er ein av dei største aksjonærane.

Veøy Møre vil satse på  å ligge i forkant med bruk av matriell som er miljøvenleg og med minimerte utslepp, uttaler administrerande direktør Lars Elling Bjåstad. 

Nyhende

For vel ei veke sidan kom meldnga om heimkjøp av transportselskap»(Fjord1 Transport), då var namnet på det nye selskapet ikkje klart.

I ei pressemelding opplyser Lars Elling Bjåstad, administrerande direktør at namnet blir Veøy Møre AS, og at det vart i drift frå 02.11.15.

Nils Anders Larsen og Lars Elling Bjåstad eig 24,5% kvar, og Veøy AS på Åndalsnes eig resten av aksjane.

Styret vil verte samansett med representantar frå eigarane, og i tillegg ha med ein representant frå dei tilsette.

VEØY MØRE AS vil vere eit totalt fristilt selskap utan spesielle bindingar mot nokon større speditørar, og vil tilby sine transport-tenester på tvers av alle konkurrerande grupper.

-  Å bygge opp solide og konkuransedyktige løysingar for samdistribusjon vil vere ei viktig satsning, der god utnytting av kapasitetar vil redusere antal bilar og vere ein viktig miljøfaktor. I tillegg vil selskapet satse på  å ligge i forkant med bruk av matriell som er miljøvenleg og med minimerte utslepp, uttaler Lars Elling Bjåstad, og han legg til:'

- Pr i dag foregår altfor stor grad av transporten i Norge i lukka system med for dårleg utnyttelse av kapasitet, og der miljøet blir unødvendig belasta. Dette grunna særeigne interesser for å opprettholde eigne trafikkar og for lite vilje til å samorde ressursar.

Akkurat dette ynskjer VEØY MØRE AS å gjere til eit satsningsområde, der både kostnadar og miljøet vil kunne oppnå betydelege forbetringar. Vidare vil ein ved dette legge grunnlaget for at distrikta kan få opprettholde gode og tenlege transporttilbod i framtida.