- Eg døyper deg RS "Idar Ulstein", må hell og lukke følgje deg og mannskapet ditt, i di ansvarsfulle gjerning langs norskekysten.

Med desse orda tok gudmor Gunvor Ulstein tak i champagneflaska og sendte den i veg mot båten. På andre forsøket sat det, og med champagnen som spruta utover logoen til Redningsselskapet var redningsskøyta offisielt opna.

Sjå video: Her døyper gudmor Gunvor RS "Idar Ulstein"

Sterk oppleving

Det var ei sterk oppleving for gudmor Gunvor, dottera til samfunnsbyggaren og bedriftsleiaren Idar Ulstein, som denne redningsskøyta har fått sitt namn etter. Ho sleit med å halde tårene tilbake.

- Eg blei veldig rørt av heile ramma rundt denne dåpen, frå ei sakral oppleving med Ulstein mannskor til alle dei som tok turen for å bli med på denne stunda, alle dei som faderen betydde noko for. Å få lov til å døype ei redningsskøyte som er kalla opp att etter faderen, det.. det blei nesten litt for mykje for meg, sa ei bevega Gunvor Ulstein til Vikebladet Vestposten etter dåpen.

Ulstein mannskor song også under gravferda til Idar Ulstein for nokre år tilbake.

Gjer eit fantastisk arbeid

Gunvor Ulstein og broren Tore, som fekk æra av å overlevere nøkkelen til skipet til skipsførar Knut Hveding, meiner kysten blir endå tryggare med den nye redningsskøyta på plass. Den første redningsskøyta i det som har fått namnet Ulstein-klassen.

- Redningsskøyta har den ypperste teknologien og eit utruleg kompetent mannskap om bord, det er eg overtydd om. Det fremste formålet er å redde liv, og det er ein i endå større grad i stand til med båtar som denne. Det er ikkje så ofte Redningsselskapet får kredit når ting går bra, ein tenkjer ikkje så mykje på det. Dei jobbar heile vegen for å vere på staden til rett tid. Det er flott at vi no får stort fokus på det fantastiske arbeidet dei gjer, og eg håper det vedvarar, seier Gunvor og legg til:

- Det er veldig spesielt for oss at dette blir den fyrste båten i det som har fått namnet Ulstein-klassen. Faderen var veldig oppteken av ny teknologi, og å ta den i bruk. Det blir i høgste grad gjort her. For oss å få følgje bygginga av denne båten og sjå utviklinga, og alle dei teknologiske løysingane som er på plass i den, det har vore veldig spesielt for oss.

- Faderen skulle vore her

Etter sjølve dåpen fekk som sagt Tore Ulstein æra av å overrekke nøkkelen til båten til skipsførar Knut Hveding.

- Eg vil takke Redningsselskapet for at dei utfordra oss på om vi kunne vere med å gjere visjonen om Ulstein-klassen og RS "Idar Ulstein" som fyrste båt, om til verkelegheit. Vi syns dette er ein fantastisk måte å ære faderen på, sa Tore Ulstein og la til:

- Vi sa det med kvarandre under prøveturen vi var på, eg og Gunvor, at faderen skulle vore her. Han hadde likt det endå betre enn vi gjorde. Vi er veldig stolte. Det er mange likheiter mellom faderen Idar Ulstein og RS "Idar Ulstein". Dykk måtte nesten ha opplevd det for å skjønne det. Så stille på brua, så store ytingar og den kapabiliteten som mannskapet viste under prøveuten og fokuset på å bygge eit team som får til noko bra i samspel med teknologien. Det er heilt fantastisk.