Det blei reine folkefesten ved Quality Hotel Ulstein under dåpen av den flunkande nye redningsskøyta RS "Idar Ulstein". Til stades under dåpen av båten som har fått namnet til bedriftsleiaren og samfunnsbyggaren Idar Ulstein, var sjølvsagt mykje av familien hans. Dottera Gunvor var gudmor, og etter ein fin tale tok ho fatt i champagneflaska og sendte ho mot båten. Flaska knuste ikkje på første forsøk, men på andre forsøk blei det champagnesprut og båten var offisielt døypt.

Sjå video i toppen av saka.

Foto framside: Redningsselskapet.