Vikebladet Vestposten overhøyrde ein far som sa dette til sonen sin like før Joachim "Noobwork" Haraldsen kom på scena på Amfi Ulsteinvik.

- Wow, her var det mange. Det er jo nesten som om det er Elvis som skal kome!

Sonen såg overraska på faren og sa:

- Elvis, kven?

Det var regelrett fullstappa med folk i andreetasjen på Amfi-senteret i Ulsteinvik laurdag ettermiddag, då e-sportstjerna "Noobwork" kom på besøk. Truleg var det rundt 400 personar i området rundt scena. 22-åringen er ei superstjerne blant dei unge, først og fremst gjennom Youtube-kanalen hans, som er kåra til Norge sin beste. Over 120.000 abonnentar følgjer dagleg med på kva spel "Noobwork" speler eller testar. Og tydelegvis kjem mange fans frå Ulsteinvik og omegn også. I tillegg var det folk frå Bergen og Ålesund som hadde teke turen for å få med seg det norske Youtube-fenomenet frå Nittedal.

Kaos

Helene Holstad, senterleiar for Amfi Ulsteinvik, skulle eigentleg opp på scena for å introdusere "Noobwork". Det blei derimot med forsøket, for hundrevis av born og unge hadde allereie flokka seg framføre scena, og det var trongt om plassen.

- Det er veldig kjekt at Joachim kunne kome hit til oss, noko svært mange born og ungdommar i regionen ser ut til å setje stor pris på. Han er jo reinaste superhelten for mange av dei, seier Holstad smilande.

Han var ikkje ferdig med autograf-skriving før etter godt over to timar.

Tøff historie - men stor suksess

Suksessen Joachim "Noobwork" Haraldsen opplever no kjem etter fleire tøffe år. Han var ein gong i tida ein av verdas beste e-sportutøvarar, då han var "ranka" inannfor topp fem i World og Warcraft (WoW). Han trappa ned den satsinga, og speler som oftast i dag Minecraft, og lagar videoar frå spelinga, som han så deler på Youtube. Det i tillegg til som sagt mange andre spel. Han hadde ein tøff tidleg ungdom, og blei berre 16 år gammal operert for ryggskeivheit (idiopatisk skoliose). Difor måtte han også slutte på vidaregåande skule. Men, han har komt seg, og suksessen han har i dag gjer at han mellom anna stadig blir invitert til store spellanseringar rundt om i verda, for å teste nye spel.