- Eg hadde vore fengsla viss eg kom over dei som gjorde dette

Hallvard Dimmen fann fire forfrosne kattungar i eit einerøde på Fjelle fredag morgon.

Hallvard Dimmen med kattungane som han fann ved Brekkebakkane fredag formiddag. No vil dei ved veterinærkontoret prøve å gi kattane bort. Viss ikkje endar med med ei sprøyte for dei søte kattungane. 

Kattungane hadde søkt varme inn under nokre einebusker. To er raudspetta, og er gråspetta. Dei er ca. 10 veker gamle og tame. 

Nyhende

Hallvard Dimmen i Ulsteinvik har vore jeger og ivrig turgåar i over 50 år. Fredag formiddag var han og bikkja på tur i området ved Brekkebakkane på Fjelle.

- Plutseleg sette bikkja av garde, og enda bort i eit einerøde. Då eg kom for å sjå kva det var ho hadde fått ferten av, oppdaga eg at der låg tre forfrosne og skremde kattungar, fortel Dimmen.

Han fekk bikkja, som for å seie det mildt ikkje er spesielt glad i kattar, inn att i bilen, og gjekk bortatt for å sjå etter kattungane under einebuskene.

Ikkje nyfødde

- Då kom det forsyne meg krypande ein fjerde kattunge mot meg. Kattungane er ikkje nyfødde, dei må vere minst 10 veker gamle, og er ikkje villkattar. Dette er tamkattar, slår han fast.

Hallvard Dimmen kan ikkje forstå at folk kan oppføre seg slik mot dyr.

- Det er heilt grusomt å berre sette dyr som ikkje kan klare seg sjølve ut i naturen på denne måten. Eg gjekk tur her også torsdag ettermiddag, og då var dei der ikkje. Truleg er dei sett ut seint torsdag kveld, eller tidleg fredag morgon. I begge tilfelle er det for kaldt for så unge kattungar, meiner Dimmen.

Han får støtte frå André Myrene, som kom gåande langs Brekkebakkane:

- Viss folk ikkje vil ha dyra sine lenger, og ikkje klarer å avlive dei sjølve, så får dei levere dei til veterinær, slår Myrene fast.

Veterinærkontoret vil prøve å gi dei bort

Hallvard Dimmen køyrde fredag formiddag rett til Veterinærkontoret i Saunesmarka, fekk med seg litt kattemat og eit bur, og køyre opp att i  Brekkebakkane for å hente dei forfrosne kattungane.

- Ved veterinærkontoret seier dei at dei vil prøve å få gitt vekk kattane, og går ikkje det, vil dei få ei sprøyte. Det er i alle fall langt meir humant, seier Dimmen, og gjentek:

- Hadde eg kome for dei som sette ut kattane, så hadde eg vore på straff i dag, og det kan tenkast at det ville vere lenge til eg kom ut att også.