Etterforskar mogleg overgrepssak

- Det vil ikkje vere rett å legge lok på denne saka, seier ulsteinordføraren

Stopp 26 mindreårige asylsøkjarar, alle gutar, har i fleire månader hatt undervisning i ei eiga klasse ved Ulstein ungdomsskule. Under eit hastemøte i kommunen onsdag kveld vart det avgjort at dei ikkje fekk møte til undervisning. 

Nyhende

Ein tilspissa situasjon mellom mindreårige asylsøkjarar og jenter ved Ulstein ungdomsskule gjer at asylsøkjarane ikkje får møte til undervisning ved skulen lenger.

Ei gruppe på 26 mindreårige asylsøkjarargutar ved Link har fått undervisning ved Ulstein ungdomsskule. Desse elevane har gått i eiga klasse, og har berre delvis hatt friminutt saman med dei andre elevane ved skulen. Men ein del av jenteelevane og foreldra deira har vore uroa over at nokre av asylgutane har opptredd i flokk og kome med seksuelle tilnærmingar til jentene. Både på skulevegen og i fritida.

Ordførar Knut Erik Engh stadfester at han ei stund før jul fekk inn nokre uromeldingar frå foreldre, og han tok då kontakt med rektor ved ungdomsskulen og leiinga ved Link. Det vart då gjort ein del grep. I førre veke vart det gjort ytterlegare grep.

Politietterforsking

Men no har situasjonen tilspissa seg endå meir.

Konstituert lensmann Leif Arne Mork i Ulstein og Hareid stadfester at dei etterforskar eit mogleg seksuelt overgrep, men ikkje valdtekt.

– Saka vi har på bordet gjeld ei mindreårig jente og to mindreårige asylsøkjarar, fortel Mork.

Kalla inn til møte onsdag kveld

Onsdag denne veka fekk ordførar Engh varsel om kva som no er under etterforsking, og han kalla umiddelbart leiinga i kommunen, rektor ved ungdomsskulen, leiinga ved Link og lensmannen inn til møte.

– Vi må ta dette på alvor. Konsekvensen er blant anna at gruppa med mindreårige asylsøkjarar ikkje fekk møte til undervisning ved Ulstein ungdomsskule onsdag. Link er innforstått med at det no blir ein pause i undervisninga til vi har funne nye, eigna lokale til dei, seier Engh.

FAU ved ungdomsskulen skal kallast inn

Ordføraren har også oppmoda rektor ved ungdomsskulen til å kalle FAU inn til eit orienteringsmøte. Han håper at både politiet og leiinga ved Link tek del på dette møtet.

Ordføraren ønskjer ikkje å krisemaksimere, og han håper det no kan bli ro rundt saka.

– Det er viktig å halde seg til fakta, og ikkje til rykte. Men det vil ikkje vere rett å legge lok på saka, legg han til.

– Politiet har ikkje fleire saker

Konstituert lensmann Leif Arne Mork stadfester altså at dei no har ei konkret sak til etterforsking.

– Men ingen andre har kontakta oss om liknande episodar. Vi har berre denne eine saka på bordet vårt, seier Mork.

Han legg til at dersom nokon har blitt utsett for seksuelle overgrep, kan dei ta kontakt med politiet.

LES OGSÅ: Viktig å halde seg til fakta