Ungdomar skadar seg med smertestillande

Nyhende

I fjor blei det rapportert om 1558 forgiftingar med paracetamol til Giftinformasjonen ved Folkehelseinstituttet.

Talet på slike saker aukar for kvart år. Dette gjeld også sjølvpåførte forgiftingar blant unge jenter frå 15 til 19 år.

Meldingar til Giftinformasjonen om paracetamol hos ungdom (10-19 år) dreier seg i stor grad om sjølvpåførte forgiftingar. I denne samanhengen betyr det at legemiddelet er teke i den hensikt å skade seg sjølv eller som eit rop om hjelp.

I 2015 var dette årsaka til heile 73,5 prosent av henvendelsane til Giftinformasjonen ved Folkehelseinstituttet for denne aldersgruppa. Talet på førespurnader om sjølvpåførte forgiftingar har stige kraftig dei siste åra.

Flest jenter

Jenter er sterkt overrepresentert i ungdomsgruppa ved sjølvpåførte forgiftingar med paracetamol. I 2015 hadde Giftinformasjonen omtrent ti gonger så mange førespurnader om sjølvpåførte forgiftingar med paracetamol hos jenter som hos gutar.

I meir enn seks av ti av desse henvendelsane om paracetamolforgiftning blant ungdom blei det vurdert som fare for moderat eller alvorleg forgifting. Begge desse risikokategoriane krev oppfølging på sjukehus.

Fleire kvinner enn menn

Henvendelsane om paracetamol hos vaksne har også hatt ei kraftig auke. Giftinformasjonen har i hovudsak meldingar om akutte eksponeringar, som er inntak som strekker seg over mindre enn 24 timar.

Det er fleire førespurnader om paracetamolforgiftning hos vaksne kvinner enn hos vaksne menn. I 2015 utgjorde vaksne kvinner 69,2 prosent av tilfella hos vaksne. 

Ikkje alt kjem inn i statistikken

Giftinformasjonens henvendelsesrapportar er ikkje oversikt over forgiftingar i Norge. Truleg er det mange som ikkje kontaktar Giftinformasjonen ved Folkehelseinstituttet, men heller kontaktar legevakt/AMK direkte.

Helsepersonell med erfaring frå slik forgiftningsbehandling vil ikkje alltid ringe Giftinformasjonen, og mange sjukehus brukar behandlingsanbefalingane som ligg tilgjengeleg på Helsebiblioteket, utan å kontakte Giftinformasjonen per telefon.

Kjelde: fhi.no