Kunstgrasbaner forureinar norske fjordar

Gir opphav til 1.500 tonn mikroplast i året

Det ligg store mengder gummigranulat utanfor kunstgrasbana i Hareidsmyrane. 

Nyhende

I ein ny rapport om mikroplastforureining blir kunstgrasbanene skulda for å forureine norske fjordar.

Mepex Consult, som har produsert rapporten, er ekspertar på avfallshandtering. Dei slår fast at tap av gummigranulat frå kunstgrasbanene gir opphav til om lag 1.500 tonn mikroplast i året og at mykje av denne mikroplasten hamnar i norske fjordar.

Dersom estimata til Mepex er rette, betyr det at berre bildekk-slitasje, som gir opphav til om lag 4.500 tonn mikroplast i året, er ein større forureinar.


- Uforsvarleg handtering

- Vi har sett mange tilfelle av uforsvarleg handtering av gummigranulat ved kunstgrasbaner i Møre og Romsdal, seier fagsjef Anne Melbø hos Fylkesmannen. – Sjølv nybygde baner er ikkje konstruerte for å halde på granulatet - og rutinane ved t. d. snørydding er dårlege. Eigarane har ansvaret for å hindre at deira anlegg bidreg til forsøpling, og her kan rimelege tiltak gi stor effekt, seier Melbø.


Mykje granulat ved Hareidsmyrane stadion

På ettervinteren hadde Hareid Idrettslag ryddedag på kunstgrasbana i Hareidsmyrane for å ta hand om dei store mengdene med gummigranulat som i løpet av vinteren har vorte moka opp i store snøhaugar både på langsidene og kortsidene. Mykje av granulatet vart skufla innatt på bana, men mykje har blitt liggande i dungar utanfor bana.


10 nye tonn kvart år

I løpet av dei siste femten åra har talet på kunstgrasbaner her i landet auka frå om lag 100 til over 1000. Gummigranulatet ligg mellom kunstgrasstråa og gjer banedekket mjukare. Kvar slik bane inneheld om lag 100 tonn gummigranulat og må etterfyllast med inntil 10 tonn i året, for å erstatte det som går tapt ved snørydding og avrenning eller ved at det festar seg til sko og klede.


Vert verande i miljøet i hundrevis av år

Gjenstandar av plast, gummi og andre lite nedbrytbare materiale kan bli verande i miljøet i hundrevis av år og skade dyr og menneske.

Mepex-rapporten foreslår at det heretter blir betre design og sikring av kunstgrasbanene for å unngå dei årlege tapa av gummigranulat og kunstgras.

Miljøstyresmaktene har varsla at det kjem nasjonale retningslinjer i kampen mot mikroplasten.