Her er nyekyrkja i Ulstein

Snøhetta vann arkitektkonkurransen med utkastet "Excelsior".
Nyhende

Laurdag presenterte Ulstein sokn vinnarane av arkitektkonkurransen for ny kyrkje i Ulsteinvik. Fire arkitektfirma har kjempa om å kome med løysinga for den nye kyrkja, og det var eit spent publikum som fylte den vesle salen på Sjøborg.

Harald Nordal presenterte juryen si beslutning og til slutt vinnarutkastet til ny kyrkje. Og vinnarane var arkitektkontoret Snøhetta, med sitt utkast "Excelsior".

No håper Ulstein sokn på å kunne få på plass den nødvendige finansieringa av bygget allereie før utgangen av 2016, og om det går vel er målet å kunne innvie Ulstein nye kyrkje første sundag i advent i 2019.

Audmjuk glede

- Kjære alle saman, det er ei stor ære for meg å kunne ønskje velkomen til kåringa av vinnarutkastet i arkitektkonkurransen for Ulstein nye kyrkje. Det er ikkje kvar generasjon forunt å vere kyrkjebyggjarar, og det er med audmjuk glede vi i dag tek eit viktig steg vidare i den prosessen. Målet er å verte kyrkjebyggjarar i vår tid. I dag ein er milepæle og det er på sin plass å takke alle som har vore med i årevis for at denne dagen skulle vere mogleg å markere, sa sokneprest Margit Lovise Holte då ho innleia kåringa.

Harald Nordal har vore leiar for juryen i arkitektkonkurransen og leiar i arbeidsutvalet for nytt kyrkjebygg.

- Vi lyste ut ei avgrensa arkitektkonkurranse, det vil seie at det var fritt å melde si interesse og så vart fire arkitektkontor valte ut; Link Arkitektur, Ratio arkitekter AS, Snøhetta og Espen Surnevik. Forslaga har vore anonyme for den fagleg oppnemte juryen. Dei som har vore med der er Ivar Aamlid som er arkitekt,  arkitekt Carl-Viggo Hølmebakk, begge oppnemt av Norske Arkitekters Landsforbund. I tillegg har sokneprest Margit Lovise Holte vore med, Christfried Kaul som er kyrkjeverje og Anne Lise Kleven Godø frå Ulstein kyrkjelege fellesråd, samt underteikna som har vore formann i juryen, fortalde Nordal.

Tre hovudutfordringar

Han sa også at juryen synest det var fire gode utkast som vart levert inn til konkurransen, som alle viser ulike løysingar for korleis ein kan bygge eit nytt kyrkjebygg på ei utfordrande tomt.

- Jyruen har hatt eit interessant og krevjande arbeid. Vi har vurdert utkasta utifrå kriteria som vart lagt til grunn for konkurransen. Hovudpunkta har vore landskap og situasjon, nybygg og eksisterande bygg, bærekraft og miljø, og økonomi. Det er tre utfordringar som knyt seg til tomta - det er samspelet med kyrkja som står der i dag, det er bevaring av den gamle, nedlagte kyrkjegarden, og det er ei tomt som er skåande og med eit terrengfall på ti meter.

Nordal forklarte at det var utkastet "Excelsior" som i størst mogleg grad tok vare på den gamle gravplassen, gjennom å legge heile bygget på utsida av den eksisterande kyrkjemuren. Dialog var utkastet som ifølgje Nordal ville gje størst inngrep i kyrkjegarden.

- Det er eit nøkternt budsjett som ligg til grunn for prosjektet. I konkurranseprogrammet var det lista opp areal knytt til dei etterspurde funksjonane. Det totale arealet for kykjebygget skulle vere mykje lågare enn summen av desse areala. Det var derfor ein del av oppgåva å føreslå sambruk av funksjonar for å kunne redusere areal og byggekostnadar. Juryen sit med inntrykk av at alle arkitektane har vore opptekne av å skape arealeffektive bygg og at skilnadane mellom areala er små.

Nordal sa at juryen var einstemmige i val av vinnarutkast.

- Vi ønskjer å trekkje fram følgjande faktorar som spesielt avgjerande. Plasseringa på tomta gjer at inngrepet i eksisterande kyrkjegard blir minimalt. Bygget har ei form som femner om kyrkjegarden og samspelar med det eksisterande kyrkjebygget på ein ukonvensjonell måte. Bygget har ei planløysing som på ein god måte legg til rette for arbeidskyrkjefunksjonane, eit sakralt og unikt kyrkjerom, ei fleksibel ungdoms-og aktivitetsavdeling som inviterer til nye arbeidsformer, ei kontoravdeling som gir rom for eit ope og inkluderande arbeidsmiljø godt integrert i bygget. Kyrkjeromet komplementerer det eksisterande kyrkjeromet og opnar opp for mange måtar å bruke det nye romet på. Plassering og utforming av kapellet gjer det til ein unik stad. Den nye kyrkja blir eit unikt bygg, har ei spanande form og vil bli eit signalbygg i seg sjølv, samstundes som det legg seg i ein ærbødig avstand frå kyrkja frå 1849 og kyrkjegarden.

Finansiering

I 1849 tok det folket eitt år å reise ei ny kyrkje. Vi veit at byggjeprosessane i 2016 tek lenger tid, men vi har tenkt å vere rimeleg ambisiøse og seier at vi skal få til finansieringa i løpet av 2016. Og dersom vi klarar det, så kan vi ha opningsgudsteneste første sundag i advent i 2019, sa Harald Nordal.

Men for å få til det vil soknet legge grunnlag for finansieringa gjennom ein dugnad.

- Dette får vi til dersom 250 personar gir 1000 kroner i månaden i 10 år, sa Nordal, som også opna for både større og mindre gåver til bygginga av den nye kyrkja.